1. Norsk bibliotekforening Sogn og Fjordane, kan annakvart år dele ut Bibliotekprisen NBF Sogn og Fjordane til eit bibliotek, ein institusjon eller ein person i Sogn og Fjordane
2. Prisen vert tildelt for framifrå arbeid i biblioteka eller arbeid for å fremje og synleggjere biblioteka og biblioteka si rolle i samfunnet. Kriteria for tildeling av prisen er at arbeidet representerer spanande, utradisjonelle, framtidsretta og/eller offensive tiltak som er gjort innan kultur-, kunnskaps- eller informasjonsformidling, marknadsføring, lesestimulering, tilrettelegging av tenesta for ulike brukargrupper eller god teneste og service.
3. Prisen vert utdelt av ein jury på fire medlemmer. Årsmøtet vel representantane med vararepresentantar etter framlegg frå valnemda. To representantar skal vere medlemer i NBF Sogn og Fjordane, ein av desse skal også vere styremedlem. I tillegg skal juryen bestå av ein forfattar frå Sogn og Fjordane og ein representant som er kulturpolitikar i fylket. Representanten frå styret er leiar i juryen og har dobbeltrøyst. Medlemmane vert valde for 2 år.
4. Alle kan kome med framlegg til kandidatar. Framlegga skal vere grunngjevne.
5. Fristen for innlevering er ein månad før årsmøtet eller ein frist som juryen kunngjer. Lista over føreslegne kandidatar vert ikkje offentleggjort. Juryen avgjer om kandidatane er godt nok kvalifiserte til at det blir tildeling.
6. Styret har ansvar for å finne ei høveleg gåve til Bibliotekprisen og det skal opprettast ein eigen post for den i NBF Sogn og Fjordane sitt budsjett. Styret og juryen kan også arbeide for å få sponsorfinansiert ei gåve som kan nyttast til ein slik pris.
7. Det er årsmøtet i NBF Sogn og Fjordane som kan endre vedtektene for bibliotekprisen.
Vedtektene, punkt 3 og 4 vart endra på årsmøtet 2007.