NBF Sogn og Fjordane

Du er her: Nyhende

Nyhende 2009
18.12.2009
Til alle medlemmar i NBF, avd. Sogn og Fjordane


Lys i mørket!
No er vi på tampen av eit aktivt bibliotekår i Sogn og Fjordane.  Vi gratulerer Årdal med nytt bibliotek. Styret  håpar at fleire kommunar vil følgje Gloppen og Årdal, og skape nye spennande og moderne bibliotek.

NBF har engasjert seg i biblioteksaka med lesarinnlegget "Lys i mørket!" som stod på trykk i dei fleste lokalavisene i Fylket. Styret har og arrangert dagskurs i formidling på Skei hotel 17. november.

Leseåret 2010
No gler vi oss til leseåret 2010, og håper at dette vil gje ny giv til bibliotektenesta i Sogn og Fjordane. Vi oppfordrar alle bibliotek til å skape aktivitet rundt sitt lokale bibliotek  og gjere dette til biblioteka sitt år!

Styret til NBF, avd. Sogn og Fjordane håper at det nye året og vil gje nye medlemmar til foreninga.  Vi gler oss til bibliotekdagane våren 2010 og utdeling av bibliotekprisen.

Styret i NBF avd. Sogn og Fjordane
Det nye styret vart valgt på årsmøte i Førde 25. september 2009
Jorun Systad - leiar
Britt Madsen - nestleiar
Robert Haugen - skrivar
Torill Berge - kasserar
Håkon Myrvang - styremedlem
Guri Aarhus, Anja Angelskår Mjelde, Bjørg Dvergsdal, Eli Hjelle Kjøllesdal, Reidun Koksvik
varamedlemmer

Ta gjerne kontakt med oss i styret for å tipse oss om saker, nyhende og ynskje om aktivitar!
Kontaktinformasjon  

Styret skal arbeide for å fremje ei positiv utvikling av
bibliotektilboda i Sogn og Fjordane
            og forsvare ressurstilgangen til biblioteka i fylket samt følgje opp det politiske
            arbeidet til Norsk bibliotekforening sentralt.

NBF, avd. Sogn og Fjordane ynskjer alle våre medlemmar :

God jul
og eit godt nytt bibliotekår!


Jorun Systad
leiar

Skriv en kommentar

 
Kommentar:
Navn:
E-post:
Kommentar:

Skriv inn teksten til venstre i feltet til høyre for denne.
Dette er nødvendig for å unngå at automatiserte systemer skal kunne skrive kommentarer.
Captcha image


Obligatorisk felt