NBF Sogn og Fjordane

Du er her: Nyhende

Styremøte
08.12.2009


Telefonmøte tysdag 8. desember 2009.

Telefonmøte med Jorunn Systad, Britt Berg Madsen, Torill Berge og Robert Haugen. Håkon Myrvang deltok ikkje, og ingen vara var med i staden for han.

Innkalling til styremøtet sendt per e-post 4. desember.
Ingen merknadar til innkallinga.

Sak 1. Skriv og meldingar

* Lesarinnlegget Lys i mørket av Jorunn prenta i avisene Firda, Sogn Avis, Ytre Sogn, og moglegvis i Firda Tidend.
* Tilskot for 2009 frå Sogn og Fjordane fylkesbibliotek til NBF Sogn og Fjordane. Styreleiaren tek kontakt med fylkesbiblioteket.

Sak 2. Kort orientering om NBF Kontaktkonferanse 2009

Styreleiaren deltok på konferansen den 29.-30. oktober, om lag 50 deltakarar var med.
Saker:
virkeplanen for NBF, leseåret 2010, organisering av NBF: fylkeslaga er no i organisasjonskartet plassert som spesialgrupper, Svein Arne Tinnesand, talsmann for regjeringspartiet SV, orienterte om statsbudsjettet for 2010 når det gjeld løyvingar til bibliotek, var besøk av den svenske bibliotekforeininga som snakka om prosjektet Library Lovers – eit tiltak for å auke merksemda om bibliotek og å skjerpe profilen av desse institusjonane, og representantar frå den danske bibliotekforeininga var også til stades på kontaktkonferansen.

Sak 3. TelltheStory

Åtte deltakarar med på kurset i formidlingsteknikk på Skei tysdag 17. november. Else Barratt-Due var kursleiar. Kurset var nyttig og godt, og styret kan vurdere om eit liknande kurs kan arrangerast til neste haust. Men ei samling over to dagar er mest truleg for lenge.

Sak 4. Bibliotekdagane 2010

NBF Sogn og Fjordane arrangerer i lag med fylkesbiblioteket, Jorunn representant for NBF i planleggingsnemnda.

 
Sak 5. Bibliotekprisen 2010 – kulturpolitikar til juryen

Jorunn tek kontakt med aktuelle politikarar. Utdeling av prisen under Bibliotekdagane.

Sak 6. Kartlegging av medlemsmassen

Jorunn har laga ei oversikt over medlemmane, sjå vedlegget i innkallinga. Kanskje føye til telefonnummer og e-post i lista. Den er ikkje heilt ajour når det gjeld medlemmane.
Neste år bør NBF kartleggje utdanning og kompetansen til medlemmane.
Jorunn sender ut ein informasjons-epost før jul til medlemmane der vi orienterer om kven dei nye medlemmane i styret er, om lesarbrevet med nettlenkje, om heimesida til NBF, planlagte aktivitetar 2010, innspel til innhald i bibliotekdagane 2010 og jule- og nyårshelsing.

Sak 7. Ymse

Arrangere eit sosialt samver for medlemmane i løpet av 2010, kanskje ein tur på teater eller liknande med middag attåt.
Studietur neste år?
Vere aktiv for å synleggjere NBF Sogn og Fjordane meir, til dømes gjennom lesarinnlegg og pressemeldingar til avisene i fylket om aktuelle (lokale) saker som gjeld biblioteka.

 

Skriv en kommentar

 
Kommentar:
Navn:
E-post:
Kommentar:

Skriv inn teksten til venstre i feltet til høyre for denne.
Dette er nødvendig for å unngå at automatiserte systemer skal kunne skrive kommentarer.
Captcha image


Obligatorisk felt