Vedtatt på NBFs landsmøte i Stavanger 22. mars 2012.
HANDLINGSPLAN FOR NBF 2012 – 2014
Gratisprinsippet
• Bibliotektenester
NBF skal arbeide for effektiv og rasjonell utnytting av dei samla bibliotekressursane, slik som fjernlån, fellessøk og andre nasjonale fellestenester.
• Norsk digitalt materiale og digitale tenester
NBF skal arbeide for allmenn tilgang til digitalt materiale til alle bibliotek gjennom nasjonale lisensar, drift og utvikling av nasjonale digitale fellestenester. NBF skal vere pådrivar for utvikling av brukargrensesnitt, tilgang til metadata og tilrettelegging for formidling av digitalt materiale.
Synleggjering
• Bibliotek og samfunn
NBF skal arbeide nasjonalt og lokalt for å synleggjere den verdiskapande rolla biblioteka har i samfunnet, og vere ein pådrivar for utvikling og nytenking i norsk biblioteksektor.
• Stortingsmeldingar og andre politiske dokument
NBF skal følgje opp stortingsmeldingar, offentlege utgreiingar og andre aktuelle politiske utspel som er relevante for biblioteka og bibliotekpolitikken.
• Norsk Bibliotekforening 100 år i 2013
I jubileumsåret skal NBF gjennomføre ulike arrangement og ein kampanje med fokus på bibliotek og på NBF sitt arbeid.
• Mobile bibliotektenester
For at biblioteka i auka grad skal bli i stand til å møte brukarane på deira egne arenaer, skal NBF arbeide for å styrkje og utvikle mobile bibliotektenester.
Kompetanseutvikling
• Kompetanseheving
NBF skal vere pådrivar for kompetanseutvikling i heile biblioteksektoren, og for styrking av forsking på dette feltet
• Organisasjonsutvikling
NBF må styrkje lokalorganisasjonen og spesialgruppene gjennom kompetanseheving og tilrettelegging for aktivitet.
Utdanningsbibliotek
• Skulebibliotek
NBF skal synleggjere biblioteka si rolle som læringsarena, særlig i høve til leiinga og undervisningspersonalet. NBF skal arbeide for at Program for skulebibliotekutvikling blir vidareført.
• Universitets- og høgskolebibliotek
NBF skal arbeide for at det kjem ei stortingsmelding om universitets- og høgskulebiblioteka i tråd med innstillinga i St.meld nr. 30 (2008-2009).
• Leseløft 2010-2014
NBF skal vere pådrivar og premissleverandør for lesepolitikken, mellom anna gjennom å følgje opp tiltak under Leseløft 2010-2014.