Tekst og foto: Anders Ericson
Tillitsvaltkrisa og organisasjonstrøytleiken har også nådd Norsk bibliotekforening. I heftet Visjon og virkelighet - debatthefte for NBFs strategiarbeid (Word-fil) vedgår dei dette over fleire sider. Særleg vanskeleg er situasjonen for mange av lokalavdelingane, der samanslåing mellom lag i nabofylke for lengst er kome på dagsorden.
Men samtidig er NBF utan tvil ein organisasjon i spanande utvikling. Alle vil rett nok ikkje gå så langt som leiar Frode Bakken når han seier at "- NBF er en aktivistorganisasjon", for det krev blant anna slagkraftige lokale ledd.
Den sterke biten akkurat no er spesialgruppene, som både har yngla og auka i slagkraft den siste tida. - Men er kanskje nokre av spesialgruppene for sjølvstendige, spør dei seg i styringsgruppa for organisasjonsarbeidet.
|
|
 |
|
Optimistisk forsidebilete på NBFs nyaste publikasjon Heftet kan lastast ned her (obs: Word-fil) eller tingast frå sekretariatet |
|
Den nasjonale Makt- og demokratiutgreiinga forska blant anna på foreiningslivet i vår tid og kom til at folk er minst like opptekne av å fylle fritida med meining som før, men at
tida er slutt der kvar av oss stod i årelange, halvpassive medlemskap i ørten foreiningar.
Dette har også forfattar-ane av NBF-heftet kome til, og det viktigaste avsnittet i heftet trur eg er punkt
5.1. Nye medlemmer er framtida. Der skriv dei at:
"Folk som har et engasjement og ønsker å bruke det på noe, har mange tilbud i dag. Norge har en flora av organisasjoner og aksjoner. Man kan shoppe mellom et utall steder, og det gjør at folk blir mer kresne enn tidligere. De ønsker ikke å sløse med engasjementet sitt. De ønsker som oftest heller ikke å bruke tid på å finne et sted å engasjere seg. Dersom de føler engasjement, så engasjerer de seg i det som tenner dem og gjerne det som "befinner seg nærmest"."
Noko underteikna tenkjer på då er nettverk og aktivitetar på Nettet. Dette veit vi frå biblioteket: Ivrige nettbrukarar blir så oppslukte av det dei driv med at vi vanskeleg kan få dei vekk når andre skal sleppe til. I heftet står det om e-post og informasjonsflyt mellom organisasjon og medlemmar, men kva med NBF-communities og chattefora om brennaktuelle spørsmål - når ting skjer?!
Eit lite "skråll" nedover herfrå bringer deg i alle fall til éin enkel form for e-aktivitet. Velkomen!