NBFTids
Du er her: valg SFP: vidar lund

Vidar Lund
fr@ ditt  bibliotek


"Eg er 31 år, og biblioteksjef i Sør-Varanger kommune. Utdanninga er frå SBIH/Høgskolen i Oslo i perioden 1993-2002, og eg er no i min fyrste bibliotekjobb bortsett frå litt ekstravakter på Musikkavdelinga på Deichman i studietida. Eg har brei organisasjonsbakgrunn frå målrørsla, ungdomslagsrørsla og Senterpartiet, og er van med å jobbe og tenkje politisk. Av relevante verv eg har no, er at eg sit i styret i Noregs Ungdomslag (www.ungdomslag.no), i Rådet for bibliotektilsette i Fagforbundet (www.fagforbundet.no) og er leiar for Sør-Varanger Senterparti (www.senterpartiet.no/finnmark).
 
Det er vel ikkje overraskande at min bibliotekpolitiske ståstad er prega av rørslene eg er aktiv i elles: likeverdige bibliotektilbod for alle i heile landet BÅDE digitalt og fysisk, folkebiblioteka som ein viktig arena i kunnskapssamfunnet og folkebiblioteka som kulturelle møteplassar i lokalsamfunnet. I tillegg er det særs viktig å kjempe for gratisprinsippet. Våre tenester skal dekkje folk sine behov uavhengig av kor mykje pengar eller kor høg utdanning dei har.
 
Når det gjeld arbeidskapasitet er det slik at eg sjølvsagt er innstilt på å gjera ein jobb i styret for spesialgruppa, men bed om forståing for at eg har andre verv òg. Dette bør likevel late seg løyse, sidan arbeidet i denne gruppa i hovudsak er nettbasert.

Beste helsing
Vidar Lund
biblioteksjef
Sør-Varanger bibliotek