NBFTids
Du er her: valg SFP: marianne schjeide

Mariann Schjeide


Eg fyller 40 år om eit par månader og er mor til tre barn, ein gut og ei jente på fem og ei jente på snart elleve. I dei siste to åra har eg arbeidd som biblioteksjef ved Ålesund bibliotek, og er fødd og oppvaksen i same by. Var ferdig utdanna bibliotekar frå SBIH som det den gongen heitte i 1990. Tok same året til som biblioteksjef ved Giske folkebibliotek (nabokommunen til Ålesund) og var der eitt år før eg tok til som biblioteksjef i Skodje kommune der eg også bur i dag. Jobba i Skodje til eg tok til i Ålesund.
 
Når det gjeld spesialgruppa for folkebibliotekpolitikk så var eg på det første orienteringsmøtet under NBFs landsmøte i Molde og vart gripen av idéen umiddelbart. Interessen for NBF sitt arbeid tok til då eg i 1989 hadde praksis ved NGU (Norges Geologiske Undersøkelser) i Trondheim og hadde Trond Minken som "arbeidsgjevar". Han sat på den tida i hovudstyret til NBF og orienterte meg om kva NBF dreiv med. For ein som ikkje eingong var ferdig utdanna var NBF berre nok eit akronym i bibliotekverda som sviva rundt i hovudet. Seinare var eg i perioden 1993-1995 leiar for NBF Møre og Romsdal. I dag sit eg også i NBF sitt utdanningsutval.
 
Synleggjering har etterkvart blitt ein forslitt frase i vår bransje, og det blir gjentatt til det kjedsommelege. Likevel kjem vi ikkje utom at synleggjering skal til dersom ein skal sjå at biblioteket er ein viktig del av den store samanhengen i samfunnet, ein del av kunnskapsNorge (i den grad det eksisterar), ein del av skulepolitikken, ein del av den livslange læringa, ein del av det kulturelle mennesket, ein del av demokratiet, ein del av ytringsfridomen. Mitt ønskje er at politikarane både lokalt og på topplan skal kunne sjå at dette heng saman. Dette kom eg også innpå i den artikkelen eg sendte til diverse aviser før jul og også til postlista biblioteknorge. Når Norge gjer det dårleg (middelmådig, middels?) i PISA-rapporten så har dette kanskje ein samanheng med Norge si mangelfulle satsing på bibliotek? 
I fjor var eg nokså ufrivilleg i vinden på postlista etter å ha starta diskusjonen om kva vi skulle gjere med dei "lause fuglane" som frekventerte biblioteket. Diskusjonen resulterte i ein artikkel eg skreiv i "Bok og bibliotek" nr. 3/2004 "Tankar etter ein etikkdebatt".
 
Mariann Schjeide