NBFs HANDLINGSPLAN FOR PERIODEN 2010 - 2012
• Bibliotek og samfunn
NBF skal arbeide nasjonalt og lokalt for å synleggjere den verdiskapande rolla biblioteka har i samfunnet, og vere ein pådrivar for utvikling og nytenking i norsk biblioteksektor.
• Stortingsmeldingar om bibliotekverksemd
NBF skal følgje opp tiltak i Bibliotekmeldinga og andre aktuelle politiske utspel.
• Norsk digitalt materiale og digitale tjenester
NBF skal arbeide for allmenn tilgang til digitalt materiale til alle bibliotek gjennom nasjonale lisensar, drift og utvikling av nasjonale digitale fellestjenester og formidling av digitalt materiale.
• Kompetanseheving
NBF skal vere pådrivar for eit samla kompetanseutviklingsprogram for heile biblioteksektoren, og for styrking av forsking på dette feltet.
• Modellbibliotek
NBF skal vere med på å utvikle og synleggjere modellbibliotekkonseptet
• Utdanningsbibliotek
NBF skal synleggjere biblioteka si rolle som læringsarena, særlig i høve til leiinga, undervisningspersonalet og i utforming av ny lærarutdanning. NBF skal aktivt følgje opp Program for skulebibliotekutvikling (Universitet i Agder).
• Samarbeid og alliansar
NBF skal byggje og vidareutvikle alliansar med nasjonale kunnskaps- og kulturaktørar og det internasjonale engasjementet til NBF.
• Leseløft 2010-2014 – Leseåret 2010
NBF skal vere pådrivar og premissleverandør for Leseløftet.
• Organisasjonsutvikling
NBF må styrkje lokalorganisasjonen og spesialgruppene gjennom kompetanseheving og tilrettelegging for aktivitet.
• Universitets- og høgskulebibliotek
NBF skal følge opp Stortingsmeldinga om universitets- og høgskulebiblioteka i tråd med innstillinga i St.meld nr. 24 (2008-2009)