Om oss Medlem Bibliotekforum Hva skjer? Pressemeldinger mm. Kontakt oss NBF Tidsskriftformidlingen English

Du er her: Nyheter

Vederlaget er redda, men er biblioteket?
esa_logo Det norske bibliotekvederlaget har no passert nålauget i EU. Det er dermed ikkje i strid med EU sitt lånedirektiv at t.d. ein spansk forfattar ikkje får nyte godt av ordninga. Men saka kan ankast. Og i andre delar av Europa oppfattast lånedirektivet som eit trugsmål mot heile bibliotekideen

Tekst og foto: Anders Ericson

Publisert 18.4.2008

Informasjonssjef Inge H. Thygesen i ESA stadfesta i går for NBF-veven at ESA (EFTAs overvakingsorgan for EØS-avtalen) har vedteke å leggje saka til side. Aftenposten skriv om det same i dag. Avgjerda blei tatt for ei veke sidan, nesten eit halvår etter at Sverige og Danmark fekk sine avklåringar frå EU om at deira litteraturstøtteordningar er akseptable.

NBF og NBF-veven har fulgt denne saka sidan ho kom opp i 2006. Etter fleire år med stilltiande aksept av ordningane kom då EU brått på banen og truga dei nordiske regjeringane med tiltak om dei ikkje opna for at også forfattarar frå andre EU-land fekk ta del i dei nasjonale støtteordningane. I svaret sitt viste Kulturdepartementet blant anna til at dei små språka og kulturane våre var avhengige av spesialordningar for å overleve i konkurransen med engelsk og at det var urealistisk å gje støtte til alle. Norsk Bibliotekforening var ein aktiv støttespelar for Kulturdepartementet i denne fasen.

Kulturpolitisk

No konkluderer Aftenposten med at vedtaket i ESA "betyr at Norge har fått gjennomslag for de kulturpolitiske argumentene". Dette vil vi vente med å meine noko om til vi har sett ESA sitt konkrete svar til KKD.

For øvrig er det norske vederlaget, som går til stipend og ikkje til den enkelte forfattaren etter utlånstal, på større kollisjonskurs med EU sitt lånedirektiv enn nabolandas. Den danske ordninga er heilt individuell og den svenske delvis (om lag 35 prosent går direkte til opphavsmannen).

non pago di leggere
Slagordet i den italienske kampanjen mot PLR er
"Non pago di leggere" - Eg betaler ikkje for å lese!


Større konsekvensar

Men lånedirektivet frå 1992 om lånerettar eller Public Lending Rights (PLR) kan ha alvorlege konsekvensar, både for bibliotektilbodet i dei landa som ikkje har vederlagsordningar etter den nordiske modellen og for heile biblioteksystemet på sikt:

I det svenske tidsskriftet Bibliotek i samhälle (Bis) nr. 1/2008 har bibliotekaren og journalisten Siv Wold-Karlsen ein fem siders artikkel der ho oppsummerer stoda for EU-direktivet. Kortversjonen hennar er at ”biblioteken inte längre kan köpa och äga sina böcker, utan endast får hyra dem av upphovsrättsägarna”. I tråd med dei fire fridomane og fri flyt av varar og kapital ønskjer EU-kommisjonen seg aller mest såkalla ikkje-konsumerbare opphavsrettlege godtgjeringar, der forfattarane får individuell betaling for kvart utlån. 

Men dette vil øve eit sterkt press på gratisprinsippet og dermed heile ideen om folkebibliotek. Den internasjonale bibliotekorganisasjonen IFLA har publisert ein Position on Public Lending Right: "IFLA does not favour the principles of ‘lending right’, which can jeopardize free access to the services of publicly accessible libraries, which is the citizen’s human right".

I Italia er det ein omfattande aksjon starta av bibliotekfolk og bibliotekvener mot lånedirektivet. Også kjende forfattarar, som nobelprisvinnar Dario Fo, støttar aksjonen aktivt, blant anna i foredrag på internasjonale konferansar.

Forvaltingsmessig

Wold-Karlsen har også sett på det forvaltingsmessige i prosessen mellom EU og Sverige. Ho konstaterer at den svenske regjeringa faktisk ikkje har fått noko endeleg og formelt svar frå EU-kommisjonen. Dei har berre fått munnleg tips om å sjekke på ei såkalla classement-liste hos EU om saka står der. Og utifrå oppføringa der (sak 2003/2193) har ein tolka det slik at EU-kommisjonen ”har lagt ned ärendet den svenska biblioteksersättningen”. Sverige sin disputt med EU er altså ei ikkje-sak - og utan noka grunngjeving! At det faktisk er sendt eit brev frå ESA til det norske kulturdepartementet kan vel tyde på at vi har fått ei meir ope handsaming. Men KKD kunne i går ettermiddag ikkje skaffe fram brevet.

Skriv en kommentar

 
Kommentar:
Navn:
E-post:
Kommentar:

Skriv inn teksten til venstre i feltet til høyre for denne.
Dette er nødvendig for å unngå at automatiserte systemer skal kunne skrive kommentarer.
Captcha image


Obligatorisk felt