NBFTids
Du er her: Nyheter
Bokbåten Epos: – Dei vil tenkje seg om neste gong!
inga jorunn nåmdal
13.12.2007
Sjeldan eller aldri har ein bibliotekaksjon i Noreg fått så brei støtte og pressedekning som kampen om bokbåten Epos dei siste vekene. Norsk Bibliotekforening si avdeling i Hordaland drog det heile i gang, og styremedlem Inga Jorunn Nåmdal trur sigeren kan få positive ringverknader for biblioteka generelt

Tekst: Anders Ericson

Publisert 13.12.2007


Nåmdal, som er biblioteksjef i Modalen, er overvelda over støtta frå bibliotekbrukarar flest og frå kunstnarar og fagfolk, og over interessa frå presse og kringkasting:

inga jorunn nåmdal
 Inga Jorunn Nåmdal og NBF Hordaland kan sjå tilbake på
 ein godt utført jobb. Foto: Lena J. Glesnes

- Eg trudde nesten ikkje mine eigne auge då Kommunal Rapport trykte ein reportasje over heile tre sider frå ein tur med båten og om trugsmålet om nedlegging. Dei skriv jo nesten aldri om bibliotek (noko som kan bli betre om dei oftare blir tipsa!, journ. merkn.).

- Det var styret i NBF Hordaland som drog kampen igang?

- Vi skreiv ei pressemelding fredag 23. november og baud pressa å vitje Epos og mannskapet måndagen etter, då ho låg ein time i Bergen. Dette gav spontan respons, og så berre auka det på. Men tilbodet er jo over førti år gamalt og svært godt kjent over heile Vestlandet.

Eg har sjølv jobba ombord ein periode. Vi hadde eit stopp i Modalen også, men etter at biblioteket flytta heilt ned på brygga, kutta vi det ut. Tilbodet er likevel billeg for kommunane, og dei får jo mykje meir enn bokutlån. Kulturtilbodet er heilt vesentleg i dette.

For dei stadene som framleis er veglause er dette ekstra viktig, og dei er det framleis ein del av. Ein fordel med bokbåten er fleksibiliteten; det er enkelt både å leggje ned og opprette nye stoppestader.

epos komm rapport
Kommunal Rapport hadde bokbåten både
på framsida og over tre sider inne i bladet


- Det er berre to år sidan det same skjedde i Sogn og Fjordane, men også den gongen med siger for bokbåtentusiastane. At det skjedde no igjen, kan det ha med valet og mange ferske politikarar å gjere?

- Kan hende det, det kom i alle fall utruleg brått. Ein del politikarar er nye, men fylkesordføraren er den same. Likevel trur eg denne prosessen gjer at dei vil tenkje seg om og passe seg i framtida. Og eg trur dette har vore god reklame for biblioteka generelt. Så spesiell er ikkje bokbåten, avsluttar Inga Jorunn Nåmdal.

Over 1200 skreiv under oppropet til forsvar for bokbåten, og p.t. er 795 medlem av Facebook-gruppa til støtte for Epos.

Sjå også oppføringa av Epos-kampen i Hordaland på wikien BibliotekSATS og avdelinga for «Seierrike bibliotekkamper».

Skriv en kommentar
 
Kommentar:
Navn:
E-post:
Kommentar:

Skriv inn teksten til venstre i feltet til høyre for denne.
Dette er nødvendig for å unngå at automatiserte systemer skal kunne skrive kommentarer.
Captcha image


Obligatorisk felt