Tekst og foto: Anders Ericson
Publisert 26.9.2007
Det var til Bladet Tromsø at SVs stortingsrepresentant Lena Jensen nyleg gjorde kjent at ei slik stortingsmelding var på trappane. Ifølgje Jensen er "den sittende regjeringen ... i full gang med å styrke bibliotekene. - Det er viktig å satse på bibliotek, og det rødgrønne styresettet går nå inn for å få hevet standarden på bibliotekene", sa ho.
Etter lanseringa av Ønskebok.no i dag spurde vi Giske om dette.
– Utgreiinga Bibliotekreform 2014 frå ABM-utvikling i fjor var såpass stor og grundig både på struktur og innhald at vi vel å gå direkte på ei melding, svarte kulturministeren.
|
|
 |
|
Både forfattar Unni Lindell og kulturminister Trond Giske gjorde stas på den nye bibliotektenesta Ønskebok.no på utestaden Månefisken i Oslo |
|
- Staten støttar i dag dugnadstenester som ønskebok.no og biblioteksvar.no i prosjektfasen, men kva med på permanent basis?
- Det vil eg ikkje ta stilling til no, men i stortingsmeldinga vil arbeidsdelinga mellom fylkeskommunar, kommunar og staten vere heilt sentral.
Biblioteka rundt i landet gjer jo slike tenester kvar dag, og det er berre naturleg å samle opp råd og kunnskap i ein felles base. Utgreiinga synte jo kor ujamt nivå det er på bibliotektenestene frå kommune til kommune, og å styrke fagkompetansen på tvers må vere eit mål.