Tekst og foto: Anders Ericson
Publisert 30.11.2006
Konfrontert med større og mindre nyvinningar og påfunn, har vi menneske ein tendens til å tenkje at andre får prøve og feile før vi våger oss på det. Eller vi tenkjer at dette er noko dei får halde på med, dei som anten er unge, som er under 40, som har ungar som må ha det, som har god eller dårleg tid eller som likevel treng ein ny pc. Osv osv.
Det er greitt - når det handlar om dei private prioriteringane og investeringane. Men det er ikkje like greitt når du driv eit bibliotek og blant anna er forplikta gjennom §1 i biblioteklova, sanksjonert av Kongen i Statsråd, til å gje eit tilbod til alle (medrekna fjortisar; bokdropparane) og samtidig sikre at ”virksomheten skal være utadrettet, og tilbudene skal gjøres kjent”.
|
|
 |
|
Thomas Brevik har vore pådrivaren for denne, såvel som den førre konferansen Sosial og Digital |
|
Under første dagen av konferansen Digital og Sosial 2.0 i Bergen i dag fekk dei rundt 80 deltakarane høyre fem til dels revolusjonerande foredrag. Det gjekk på Web 2.0 og Bibliotek 2.0, for ikkje å seie 3.0, som er like om hjørnet, skal ein tru ein spaltist i New York Times i førre veke. Men kort fortalt står desse 2.0-ane for nettstader der du ikkje berre kan lese og sjå, men også skrive og ta aktiv del.
Og dét gjer folk. Ei amerikansk undersøking syner at annankvar skoleungdom bidreg med noko; alt frå bråkjekke karakteristikkar av ein musikar, til ein eigenprodusert videosnutt eller til konstruktive debattinnlegg.
Nokre av dei konkrete 2.0-tenestene er ikkje meir enn moteprega døgnfluger. Særleg dei som månad etter månad gøymer seg under merkjelappen beta; då veit ein aldri når dei forsvinn, saman med t.d. alle dei flotte bileta dine frå ferien. Eller dei blir slukte av andre og endå meir hippe tenester, ofte noko som byrjar på Google.
|
|
 |
|
Tord Høivik var ikkje så sosial, men mest digital, då han skreiv på bloggen sin under heile seansen. Men så er visst dét også sosialt, i høve til dei som ikkje var til stades! |
|
Men det er tendensar her som ein må ta alvorleg, også som bibliotekar i eit framleis dominerande papirregime. Til dømes har 110 tusen menneske over heile kloden no katalogisert dei private boksamlingane sine, med i alt over 7 millionar titlar, og laga ein nettkatalog på mange måtar like effektiv som den til eit gjennomsnittleg offentleg bibliotek.
Biblioteksjef
Rolf Steinar Bergli frå Lindesnes var ein av fleire som meinte det i framtida blir like viktig for biblioteka å synast gjennom katalogar som
The Library Thing som på den eigne, lokale heimesida. Og slikt finst det i dag enkle verktøy som kan ordne!
Mashup er stikkordet for dette; det går på å gjere innhald på ein nettstad synleg på ein annan. Men mest mogleg elegant og
saumlaust. Som om oppfinnarane skulle ha lese
Åslaug Haga sitt hovudverk frå fortida som borgarleg kulturminister.
Bibliotek 2.0 handlar likevel ikkje om å skrote bibliotekkatalogen og hoppe på spontan, heimesnekra emnordssetting ved hjelp av fjortisar eller oppattvakna ordensfreekar frå før flowerpowertida. Derimot "kler ein inn" katalogen i kommunikasjonsformar som biblioteka ikkje har prøvd seg på før, som ”skyar” av lenker til emneord (tags), der ein kan klikke seg fram til einingar i ein base. Dette er truleg ikkje noko bibliotekarane og forskarane kjem til bruke, men ungdomen og fleire med dei er alt vane med det frå til dømes sosiale biletbasar som Flickr, ”venebasar” som MySpace og bokmerkjedelingstenester som del.icio.us.
|
|
 |
|
Rolf Steinar Bergli demonstrerte og foreslo fleire 2.0-funksjonar til bibliotekbruk |
|
Foredraga frå første dag skal vi ikkje gå meir konkret inn på her; dei kjem nok på konferansenettstaden før vi veit ord av det. Og Tord Høivik og eldsjela bak konferansen, Thomas Brevik, er alt ute med detaljar på konferansebloggen. Særleg på den siste registrerer eg no, før middagen, at mange har skrive kommentarar til og også diskutert; truleg også folk som ikkje er på konferansen! I tillegg kjem alle fotoa som blei tekne, der mange alt ligg på Flickr (nokre av desse er frå konferansen i 2004).
Det er slett ikkje berre ”menigheta” som er til stades her. Når innleiarane spør om folk kjenner det og det omgrepet og den og den tenesta, er det sjeldan meir enn ein firedel som held opp handa. Men stemninga er god, og sjeldan har så få duppa av etter lunsj.
Men betre haldepunkt om 2.0-framtida i norske bibliotek får vi i morgon, fredag, då det er sett av mykje tid til debatt.
Og no har det slutta å regne også.