|
|
Amerikansk dominans på Sølvberget? |
|
|
|
Trond Lie har svart Ragnar Audunson. Bibliotek- og kulturhussjefen i Stavanger deler ikke frykten for amerikansk dominans. Avtalen med ambassaden er resultatet av en gjensidig prosess. Den dreier seg om bøker for noe over 100 tusen kroner og gjelder foreløpig bare for året 2006.
Tekst: Trond Lie Audunson deler ikkje Bibliotekarforbundet sin prinsipielle motstand mot sponsing av bibliotek, men fryktar at vår avtale på sikt vil føra til at Stavanger bibliotek si mediesamling blir for kraftig dominert av amerikansk litteratur og kultur. For å motverka dette ville han i staden hatt ”et samarbeid med Japan eller Frankrike eller Italia”. Nå har det seg slik at vi ikkje har stått på torget og valt mellom den røde, den blå og den grøne godteriposen. I dette tilfellet var det Den amerikanske ambassaden som kom med ein invitasjon til oss. Vi har drøfta tilbodet, justert det og kome fram til ein avtale begge partar er nøgde med. Får vi andre tilbod, vil vi vurdera dei på same måten. For det andre er det grunn til å minna om at dette dreier seg om ein tidsavgrensa avtale (i første omgang for 2006), og ikkje dei store summane. Som ein del av avtalen har vi fått tilbod om ei pakke med amerikansk skjønnlitteratur, barnebøker og oppslagsverk til ein verdi av 17 000 dollar eller cirka 115 000 kroner. Til samanlikning er Stavanger bibliotek sitt budsjett for innkjøp av bøker, lydbøker, cd-plater, filmar, tidsskrift og aviser årleg på cirka 4 millionar kroner. Dersom ein ønskjer å endra profilen på biblioteket si mediesamling, er det såleis først og fremst det ordinære mediebudsjettet og innkjøpspolitikken som må vera reiskapen og som bør diskuterast. I dette perspektivet er det underleg at denne bokgåva får så mykje merksemd, medan ”alle” har heia fram det nye musikk- og filmbiblioteket på Sølvberget, som dagleg kjøper inn amerikanske cd-plater og filmar (i tillegg til norske, afrikanske, asiatiske osb. osb.), utan at nokon offentleg har stilt spørsmål ved samlinga sin profil og biblioteket sin innkjøpspolitikk. For det tredje kan amerikanske bokgåver vi vel å ta i mot ”frigjera” midlar i vårt ordinære mediebudsjett til auka innkjøp av japansk, fransk og italiensk litteratur, musikk og film. Audunson stiller vidare spørsmål ved om ikkje denne avtalen ”bidrar til å undergrave bibliotekene som et ansvar for myndighetene slik IFLA/UNESCO-manifestet legger opp til at det skal være”. Eg fryktar ikkje det. Igjen, vi snakkar om éin avtale, med ei klar tidsavgrensing og ikkje det store økonomiske omfanget. Dersom Stavanger bibliotek om ti år skulle ha ti-femten slike avtalar verdt fleire millionar kroner, kan vi snakkast. Til så lenge føler eg meg trygg på at i alle fall denne byens politikarar heller vil premiera eit bibliotek og kulturhus med ambisjonar og som viser vilje til å skaffa supplerande midlar på eiga hand. Vi har nyleg bygd om kulturhuset for cirka 18 millionar kroner, der ein betydeleg del gjekk til biblioteket, vi rehabiliterer nå huset over ein tiårsperiode for cirka 27 millionar og vi fekk plussa på 2006-budsjettet med 1 million til styrking av tilbodet til skulebiblioteka, til å kunne utvida åpningstidene for Musikk- og filmbiblioteket (frå og med 3. april!) og til å styrka formidlingsaktivitetane. Det kallar eg politisk vilje til å satsa på bibliotekutvikling! |