Tekst: Anders Ericson
Finansminister Kristin Halvorsen (SV) har akkurat avslutta innleiinga si til det første budsjettet frå den nye regjeringa. Ho peika på auken på kulturbudsjettet på 166 millionar, noko ho meinte var eit viktig steg på vegen mot den eine prosenten til kultur, som dei tre partia gjekk ut med i valkampen under det såkalla Kulturløftet.
I tillegg til påplussingane til fengsels- og flerspråklige bibliotektjenester ved Deichmanske er det grunn til å nemne at løyvinga til samiske kulturformål blir auka med 7 mill. kroner. Her blir 3 mill. kroner til investeringar i samiske bokbusser no øyremerkte, samtidig som løyvinga blir overført frå Kommunal- og regionaldepartementets budsjett til Sametinget.
|
|
 |
|
Finansminister Kristin Halvorsen har berre delvis innfridd forhåpningane i bibliotekmiljøet. Foto frå nett-overføringa frå Stortinget |
|
Det alternative statsbudsjettet (pdf) frå den nye regjeringa gjev også NBF eit statstilskot for første gong i historia, med 0,2 millionar.
- Det er sjølvsagt skuffande, men vi held fram med dette arbeidet, og vi skal alt i morgon ha eit møte med dei raud-grøne i utdanningskomiteen i Stortinget, seier NBF-leiar Frode Bakken. - I løpet av november står NBF på programmet i opne høyringsmøte om budsjettet både i kultur- og utdanningskomiteane.
Dei sakene som vi no faktisk har fått gode gjennomslag for, og som vi set verkeleg stor pris på, nemleg bibliotektenesta i fengsla og Det flerspråklige biblioteket, har vore på topp i pressemeldingane og delegasjonane våre på Stortinget i fleire år. Så det er vel berre slik at dette tar tid.