NBFTids
Du er her: Nyheter

- Digitalt bibliotek er det viktigaste!
stortinget okt05 032 Like før Kongen med pomp og prakt opna det nye Stortinget tysdag, blei det på eit bakrom knytt viktige kontaktar mellom Norsk bibliotekforening og sentrale kulturpolitikarar frå ”dei raud-grøne”. NBF sine lobbyistar ville ikkje vente til kabalane frå Soria Moria er lagde, for då kjem den store flaumen av delegasjonar

Publisert 12.10.2005

Tekst og foto:
Anders Ericson

NBF var blant dei organisasjonane som under valkampen slutta seg til ”Kulturløftet” og 1-prosent-kravet til AP, SV og Sp. Då var det ikkje unaturleg å stadfeste kontakten etter at valutfallet er klårt. Men like opplagt var det ikkje at partia kom til å stille med nokre av dei mest profilerte representantane sine på kultur- og utdanningsområdet. Og at tidsramma skulle bli sprengt med nesten ein halvtime.
          Frå Arbeidarpartiet møtte Trond Giske, avtroppande nestleiar i kulturkomiteen, og rådgjevaren hans, Halvard Ingebrigtsen. Frå SV kom Magnar Lund Bergo, også frå den tidlegare kulturkomiteen, og rådgjevar Beate Chr. Wang. Og frå Sp møtte Kristen Rusaanes, rådgjevar for kulturkomitémedlem Eli Sollied Øveraas.

stortinget okt05 032
 Frå venstre Trond Giske, Halvard Ingebrigtsen, Magnar Lund
 Bergo, Beate Chr. Wang og Kristen Rusaanes, og frå NBF
 Tore Kristian Andersen, Vidar Lund, Frode Bakken og 
 Svein Arne Tinnesand

          I tillegg til leiar Frode Bakken møtte frå NBF Svein Arne Tinnesand, fylkesbiblioteksjef i Rogaland, Vidar Lund, biblioteksjef i Sør-Varanger, og generalsekretær Tore Kristian Andersen. Tinnesand er blant anna sentral i NBF sitt strategiarbeid i høve til ABM-utvikling si pågåande utgreiing. Lund sit i styret for NBF si Spesialgruppe for folkebibliotekpolitikk.
          NBF-arane hadde med seg eit brev til dei tre partia, der dei fokuserer spesielt på fire viktige saker for det norske bibliotekmiljøet og bibliotekbrukarane; Norsk digitalt bibliotek (NDB), støtteordninga for kulturbygg, innkjøpsordning for norsk film og den statlege opptrappingsplanen for biblioteksektoren.
          Tinnesand peika på at rett nok var det tenkt mykje i fagmiljøet omkring ein nasjonal kunnskapsbase og kor mykje ein slik vil ha å seie, særleg for små og mellomstore bibliotek. Og rett nok har ABM-utvikling brukt av dei knappe FOU-midla sine for å få prosjektet NDB formelt på beina. Men lite kjem til å skje før styresmaktene gjev klåre, positive signal og løyver dei ganske få, men nødvendige millionane. Frode Bakken viste til Danmark, der eit tilsvarande tiltak (Bibliotek.dk) kostar 8-10 millionar i året. I tillegg kjem det ein ønskjer å ha av innhald. Her snakka ein tidlegare om eit leksikon og kunnskapsbase til kanskje 20-30 millionar årleg, noko som likevel er småpengar samanlikna med at det offentlege bruker minst 1,5 milliardar på bibliotekdrift kvart år.
         
stortinget okt05 056
Det var kanskje ikkje desse dei flagga for på Stortinget
11. oktober 2005, men også møtet dei var på kan syne
seg å ha vore viktig
Vidar Lund var oppteken av kor lite kulturbygga får av spelemidla, noko som bryt med føresetnadene. Det ville ha svært mykje å seie både for kultur- og biblioteksektorane om fordelinga blei meir rettvis.
          Politikarane let seg engasjere av forslaget om ei innkjøpsordning for norsk film på DVD. Det er neppe grunnlag for uro i utleigebransjen for konkurranse frå biblioteka, meinte NBF. For dei færraste videodetaljistane satsar breitt på norsk spelefilm og dokumentar. Debatten gjekk også på kva det neste steget vil bringe; nemleg breibandoverføring av video. Her meinte Bakken at biblioteka bør halde seg unna: Om biblioteka gjekk tungt inn i slik ”ein-til-ein”-overføring, vil dei kome i direkte konflikt med marknaden. Ein kan vanskeleg tenkje seg at det offentlege vil undergrave ein marknad med gratis eller subsidierte tenester av same kvalitet som dei kommersielle.
          På direkte spørsmål frå Trond Giske om kva som i dag er aller mest presserande for Bibliotek-Noreg, var ikkje Frode Bakken i tvil: - Norsk digitalt bibliotek! Dette vil ha store positive ringverknader og bidra sterkt til utjamning av kunnskapskløfter i samfunnet. Om ein no kjem i gang med realisering av Stortinget sin lovnad om ein opptrappingsplan, frå handsaminga ABM-meldinga, vil mykje av dette kome på plass.
          Etter møtet spurde vi Frode Bakken om kvifor NBF hadde møte med dei ”raud-grøne” på Stortinget no, og ikkje om ei veke eller to, når vi kjenner resultata frå ”Soria Moria”?
          - NBF har ved kvart regjeringsskifte gratulert den nye statsministeren med utnemninga og teke kontakt med relevante aktørar for å reise biblioteksaker som er på dagsordenen vår.
          - Men representantane i kulturkomiteen kan jo vere på veg ut?
          - Jau, men vi har ønska å ta maksimalt ut av det gode samarbeidet med desse tre partia, særleg det siste året, blant anna i saka om åndsverklova. Og kanskje vil nokre av representantane halde fram i kulturkomiteen, men uansett vil dette vere politikarar som vil bli konsultert av nye representantar i kulturkomiteen om kontaktane våre går over i andre komitear. Etter at regjeringa er danna og komiteen i Stortinget er etablert, vil det bli stor pågang frå alle om møte; også vi vil ønskje dette. Men vi nyttar høvet vi har no.
          Vi vil også få til eit møte om kort tid med representantar frå SV, SP og AP i utdanningskomiteen, for om muleg å kunne påverke utforminga av bibliotekpolitikken med særlig vekt på sentrale midlar til elektronisk informasjon til utdanningsbiblioteka gjennom Norsk digitalt bibliotek, avsluttar Bakken.